Valdres viser vegen videre

ODINprosjektet går inn i en spennende fase

Valdres Viser Veg

 

Valdres viser veg,

Eit prosjekt for samarbeid, utvikling og forskning i lokalbasert psykisk helsearbeid.

 

Entusiastiske eldsjelar i spesialisthelsetjenesten(DPS Gjøvik, Land, Valdres, avd. Aurdal) og kommunane i Valdres har sidan 1998 saman med aktive representantar for Mental helse utvikla eit samarbeid om å bruke nettverksmøter som metode i arbeidet for å førebygge og behandle psykiske lidelser og problem.

 

Inspirert av blant anna Lapplandsmodellen, Jakko Seikulas metoder for opne samtaler, og  narrative tilnærmingar har vi utvikla ein modell for å hjelpe både brukar og nettverket å hanskast med dei utfordringar som oppstår når ein person får ein psykisk lidelse eller psykiske problem. Vi har også brukt metoden i forhold til personar med rusmisbruk, eller med dobbeltdiagnoser, og i kontakt med ungdom.

 

I nettverksmøtet har deltakarane likeverdig kompetanse, og møteleiarane har som oppgåve å bidra til open samtale, og at også dei svakaste stemmene blir høyrt.  

  Brukaren er hovudperson i nettverskmøtet   og det er han eller ho som i stor grad set dagsorden for møtet.  

Viktige personar i nettverket får kome til orde med sine spørsmål og sine meiningar, dei opplever å bli tatt på alvor. Dei får delt bekymringane sine og kan få støtte og avlastning.

Møta vert som oftast haldne heime hos brukaren eller hos andre i nettverket.

Profesjonelle får breiare kunnskap om brukaren,  og kan dermed gi betre hjelp.

Løysingar ein vert einige om i nettverksmøtet er som oftast meir gjennomarbeida og har større sjanse for å bli realisert enn løysingar som kjem fram i individuelle samtaler, eller som eit resultat av "gode råd" frå dei profesjonelle.

Profesjonelle endrar haldning til verdien av samarbeid med familie og viktige andre i nettverket. Dette smittar over på andre område og gir ein meir open teneste.  

 

 

Kva vil vi med prosjektet Valdres viser vei?

Frå å vere eit tiltak for eldsjelar, ynskjer vi at tankegangen bak nettverksmøtet skal bli ein felles verdi for tilsette i psykisk helsearbeid i kommunane i regionen,   og at nettverksmøtet skal vere eit behandlings/ oppfølgingstilbod på lik linje med individuelle samtaler, gruppetilbod m.m. Vi vil samle erfaring og kunnskap slik at andre kan lære av oss.  

 

Vi ønsker at pasientar som vert innlagt på psykiatrisk avdeling skal få tilbod om nettverksmøte før utskriving.

  Vi vil prøve ut samarbeid på tvers av kommunegrenser, ved at tilsette i ein kommune kan leie møter i andre kommuner

Vi vil vidareutvikle samarbeidet mellom kommunane og spesialisthelsetjenesten, ved å  vere saman om møteleiing, ved felles fagutvikling og veiledning.

Vi skal bygge kompetanse ved å tilby lokalbasert vidareutdanning i leiing av nettverksmøte.

Vi samarbeider med Høgskolen i Gjøvik om utvikling og gjennomføring av vidareutdanning i Valdres.

Vi vil søke kunnskap om korleis satsinga på nettverksarbeid kan påverke brukarar, pårørande og samfunnet. Vi samarbeider med Folkehelseinstituttet om eit forskningsprosjekt, i første omgang for å kartlegge situasjonen i dag, ved intervju med brukarar, pårørande og profesjonelle. Vi arbeider for å få midlar til å gjennomføre ei oppfølgingsundersøking etter 2 år med prosjektet.