Vi er alle medmennesker

Stine Renate Håheim, Stortingsrepresentant frå Valdres

Du trenger omtanke - og du kan vise omtanke

Pål Lundby, Rektor ved Øystre-Slidre ungdomsskule

Nettverksmøte

Når nokon blir sjuk eller får det vanskeleg er det som oftast fleire som blir berørt.

I staden for å tenke at ein må ta den sjuke ut av situasjonen for behandling, oppfordrar en den som er sjuk/har det vanskeleg til å invitere med viktige personar, både  familie og venar (privat nettverk) og eventuelle fagpersonar.   

Ved å invitere inn familie, venar og andre aktuelle personar kan det bli lettare å forstå kva som skjer og også å finne løysinger saman.

I nettverksmøte er det den som skal ha møtet som bestemmer kven som skal invterast.  Møtet holdast gjerne heime hos den det gjeld,  nokon ønsker å ha møtet på ein meir nøytral plass. Møte kan også vere på institusjon, dersom ein ønsker det. 

På møtet er det to møteleiarar som har ansvar for prosessen i møtet. 

I Valdres har vi jobba med nettverksmøte i meir enn 10 år.

Om det nyttar? 

I  2009 gjennomførte Folkehelseinsitututtet eit forskningsarbeid om effekten av nettverksmøte: Valdres i Nettverk. Rapporten er på engelsk, men har eit norsk samandrag. 

Du kan laste ned forskingsrapporten  om effekten av nettverksmøte her 

Erfaringer med nettverksmøte   http://www.facebook.com/l.php?u=http%3A%2F%2Fwww.dobbeldiagnose.no%2Findex.php%2FArtikler%2FEtter_dato%2FTi_utfordringer_for_nettverksmoeter&h=rAQGJfPomAQF6xT1guuIP5tZf_ypIC3fe7o7n9-L7H3KiPg

 Å jobbe med nettverksmøte

I prosjektet har me utarbeidd ei handbok for leiarar av nettverksmøte. Den er tenkt som ei "kokebok" og gir ein struktur for arbeidet med nettverksmøte. Den gir også ein kort presentasjon av teorigrunnlaget bak nettverksmøte og opne dialogar.  Du kan laste ned handboka